TSCNs forum for alle Toyota, Lexus & Scion modeller!

Velkommen til vårt helt gratis forum. Ny eller gammel modell, spiller ingen rolle!
Dato/klokkeslett: Lør Okt 20, 2018 8:16 am

Tidssone UTC + 1 time [ DST ]




Opprett et nytt emne Svar på emnet  [ 2 innlegg ] 
Forfatter Melding
 Innleggets emne: Motortrøbbel Toyota Corolla D4d 2007
InnleggSkrevet: Tor Mai 26, 2016 10:09 pm 
Avlogget

Registrert: Tor Mai 26, 2016 10:08 pm
Innlegg: 2
Har ein Toyota Corolla 07 D4D diesel som eg fekk skifta dieseltank på etter lekasje for eit par veker sida. Verkstedet utførte samtidig olje/luftfilterskift. Dieselen på gamletanken tømte dei over på ny. Vart også nevnt at det var forskjellig koplingar på ny kontra gammal tank. Bilen har kjørt 128 000km

Fyrste dagen etter at eg henta bilen fungerte den heilt fint. Dag to begynte eg å merke at bilen vart vanskelegare å starte for kvar start, samt at indikatoren om motortrøbbel kom på. Mens motoren gikk merka eg ingenting unormalt å den gikk stabilt. Stakk til utlandet nokre daga å hadde store problemer med å starte då eg kom tilbake. Klarte såvidt å starte den dagen etter å kjørte derfor til verkstedet. Bilen stoppa brått 75m før verkstedet etter 10min kjøretur.

På verkstedet fann dei ut at det var trøbbel med rail-trykket å etter litt sjekk påstod dei det var pga stor slitasje på to dyser (dei nekta for at det kunne vere relatert til tankskiftet). Det var stor retur av diesel frå desse to dysene. Gikk med på å skifte to dyser, men det tok to veker pga lang leveringstid.

Mottok bilen fredag å verkstedet påstod den fungerte fint, å eg merka heller ingenting fredag. Laurdag skulle eg kjøre ein 50min tur inklusiv ferge. Etter å ha stoppa/starta bilen to gongar skulle eg kjøre av ferga, no var det igjen trøbbel med å starte og motorlyset kom igjen på. Tok likevel sjansen på å kjøre dei siste 20min til destinasjon. Etter 15min stoppa eg ved ein butikk og etterpå ville bilen såvidt starte. Fikk start men etter 5km kutta motoren brått å det var umogleg å få liv i den. Har fått bilen frakta tilbake til verkstedet å må vel ta ein prat med dei på onsdag.

Er det nokon som har forslag om kva det kan vere? Ettersom skift av to veldig slitte dyser hadde null effekt mistenker eg fortsatt at det kan vere relatert til tankskiftet / tømming av gammal diesel på ny tank.

Kan det vere veldig tett dieselfilter, trøbbel med retur av diesel tilbake til tank, slik at den har gått full av diesel?
Er muligens eit viktig poeng her at bilen hadde null symptom etter å ha stått stille i to veker, men at dei kom tilbake eksakt på same måten som før to dieseldyser vart skifta etter mellom 5-10 start/stopp iløpet av 24t. Antall sekund bilen brukte på å starte aukte også for kvar gong inntil den kutta heilt etter få min kjøring. Det var då umogleg å få liv i den igjen.


Topp
 Profil  
 
 Innleggets emne: Re: Motortrøbbel Toyota Corolla D4d 2007
InnleggSkrevet: Tor Mai 26, 2016 10:10 pm 
Avlogget

Registrert: Tor Mai 26, 2016 10:08 pm
Innlegg: 2
Kopiert innlegget frå eit anna forum. Her er siste status:

Status no er at 4stk dieseldyser har blitt skifta samt dieselfilter. Litt vatn i dieselfilteret men ellers var det ok visstnok.
Etter ein halvtimes kjøretur der bilen fungerte heilt fint opplevde verkstedet at motortrøbbelindikatoren kom på igjen.
Denne gangen var det ikkje feilkode for railtrykk,men feilkode som anga at dieseltrykkregulatoren ikkje leverte nok trykk.
Verkstedet meiner no at dieselpumpa må skiftast, men kan ikkje garantere at det løyser problemet :/

Begynner å bli dyrt, blir å ta bilen på Toyotaverksted om skifte av dieselpumpa ikkje hjelp..


Topp
 Profil  
 
Vis innlegg fra forrige:  Sorter etter  
Opprett et nytt emne Svar på emnet  [ 2 innlegg ] 

Tidssone UTC + 1 time [ DST ]


Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 3 gjester


Du kan ikke opprette nye emner i dette forumet
Du kan ikke skrive innlegg i dette forumet
Du kan ikke redigere dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke laste opp vedlegg til dette forumet

Søk etter:
Gå til forum:  
cron
Powered by phpBB © 2000, 2002, 2005, 2007 phpBB Group
phpBB.no - Norsk phpBB-support